Avisen Firda: Laga fabrikk i Høyanger på to dagar: – Vil gjerne gje bort gratis desinfeksjonsmiddel til dei som treng det.

Avisen Firda: Laga fabrikk i Høyanger på to dagar: – Vil gjerne gje bort gratis desinfeksjonsmiddel til dei som treng det.

GULL I KORONAKRISA: Teknikar Tore Lie overvakar maskinene på den nye minifabrikken i Høyanger. I samarbeid med Jon Bolstad ønskjer dei å gje gratis desinfeskjonsmiddel til folk. Foto: Dan Bredesen

Av Tonje Noreng Trøen

Publisert: 21. mars 2020, kl. 05:05 Sist oppdatert: 21. mars 2020, kl. 08:59

Korona-krisa har ramma oss og apoteka er tomme for antibac. Det vesle firmaet Anolytech Norge heiv seg rundt og laga ein minifabrikk i Høyanger. No ønskjer dei å levere fleire tusen liter med desinfeksjonsmiddel til folket.

– Vi er i ein situasjon som ikkje er nokon si skuld. Vi har utstyret til å lage desinfeksjonsmiddel og kunnskap om å produsere dette, og følte det feil å ikkje gjere eit forsøk på å bidra. Vi kjenner på ansvaret og vi prøver å gjere det så godt vi kan, seier Jon Bolstad frå Førde.

Det heile starta då det vart tomt for desinfeksjonsmiddel i butikkar og på apotek.

Bolstad er styreleiar i Anolytech Norge AS, ei bedrift som lever maskiner som lagar desinfeksjonsmiddel. Maskinene blir brukt til å lage Anolyte PH, eit desinfeksjonsmiddel som i hovudsak blir brukt i landbruk og industri. Då fjernar det bakteriar i drikkevatn og biofilm i røyrsystem.

I Norge har Anolytec vore i aktiv drift i eit år. Selskapet finnast også i Sverige, og det var Anolytech i Sverige som først omtala saka på si eiga nettside.

– UANSVARLEG Å IKKJE HJELPE: Jon Bolstad er styreleiar i Anolytech Norge AS. Han kom opp med ideen om å lage minifabrikken i Høyanger. Foto: Helge Johnsen (arkiv)

Laga fabrikk i Høyanger – på to dagar

Då Bolstad oppdaga mangelen på desinfekjsonsmiddel heiv han seg rundt for å hjelpe. Han ringde umiddelbart til Høyanger utvikling. Han visste at det fanst eit ledig fabrikklokale der, som han spurde om å få bruke til å lage ein minifabrikk.

Med klarsignal fekk selskapet sett saman eit produksjonsanlegg som produserer råvara til desinfeksjonsmiddelet. Måndag denne veka var anlegget i prøvedrift. Teknikar Tore Lie er no til stades på fabrikken og overvåkar produksjonen av middelet.

– Teknikar Tore Lie har allereie produsert fleire tusen liter, fortel Bolstad.

Han seier dei har kapasitet til å produsere om lag 5000 liter desinfeksjonsmiddel kvar dag, og har utstyr til å doble dette raskt om nødvendig. Det som blir produsert no er berekna til desinfeksjon av overflater.

Bolstad seier det også er ønskeleg å kunne bruke det som handdesinfeksjon. Sjølv om dei no jobbar for å kunne levere ut desinfeksjonsmiddelet, vil han kome med ei oppmoding:

– Det er viktig at folk følger styresmaktene sine råd om god handhygiene ved bruk av vatn og såpe. Det er lite vits i å desinfisere ei overflate som ikkje er rein. Desinfeksjon er ikkje i staden for vask.

FULL PRODUKSJON: Allereie måndag denne veka var prøvedrifta i gang ved minifabrikken i Høyanger. Foto: Dan Bredesen

Har middel men manglar nok emballasje

Bolstad seier sjølv at det ville kjennast uansvarleg å ikkje tilby å lage middelet i den situasjonen vi er oppe i. Det er akkurat no mangel på emballasje til å kunne levere middelet til eit stort antall brukarar. Dirfor blir det jobba på spreng med å få nok av det; merking, dokumentasjon og god informasjon på produkta.

TRENG KANNER: Bolstad har ikkje fått fatt i nok emballasje til å levere. Foto: Jon Bolstad

– Vi ønskjer å tilby dette så raskt som mogeleg til forbrukarane i området, og då gratis når vi leverer ut.

På spørsmål om kvifor dei vil gje ut middelet gratis, svarar Bolstad dette:

– Det er situasjonen som krev det. Det må ikkje være slik at det er dei som har økonomi som skal ha forrang her. Virus og bakteriar skil ikkje mellom folk og det vil ikkje vi gjere heller.

Han fortel at fokuset har vore å få middelet produsert no, og så må det takast i bruk. Om det kan slå an i heile Norge har han ikkje tenkt på. Det er desinfeksjonsmiddel til store verdiar Anolytec vil gje ut gratis.

– Det er klart det er snakk om mykje pengar, men når statsministeren seier vi skal ha ein dugnad, betyr det at vi skal stille opp. No må vi dekke eit behov i lokalbefolkninga, seier Bolstad.

Heilt naturleg og miljøvenleg

Bolstad fortel at produktet blir brukt i medisinske samanhengar over heile verda, og at det er vel dokumentert. Produktet er godkjent i EU si biocidforordning. Likevel må dei no jobbe for å skaffe dokumentasjon på at det er godkjent til bruk i Norge.

Verkestoffet i middelet er Hypoklorsyre. Middelet er ein kopi av stoffet kroppen sitt eige immunforsvar lagar. Når hypoklorsyre treff ein mikroorganisme, blir dette nøytralisert i løpet av sekundar.

Måten dette er laga på gjer at det ikkje skadeleg for menneske eller miljøet.

– Det fine er at dette også er miljøteknologi og slik sett ein bonus for alle. Bruksområdet er enormt stort. Det blir arbeida på spreng for å få dette klart i alle fall.

 

Du finner artikkelen her:

https://www.firda.no/laga-fabrikk-i-hoyanger-pa-to-dagar-vil-gjerne-gje-bort-gratis-desinfeksjonsmiddel-til-dei-som-treng-det/s/5-15-970463